Svinestrandsvatnet

Annonse

Om stedet

  • Område
  • Type
    Badeplass, Teltplass, Fiskeplass, Turpost
  • Høyde over havet
    960 m
Svinestrandsvatnet er eit fint turmål i seg sjølv, eller ein går der når ein går på Blånibba og Svinestranda. Det er ein fin pauseplass ved Svinestrandsvatnet, set deg ned på den vesle steinbenken og nyt livet. Der er og ein liten bålplass. Nokre prøvar og fiskelukka. Du kan starte ifrå ulike stadar når du skal på Svinestrandsvatnet, den mest vanlege er å fylgje stien ifrå Austrheimsstøylen mot Svinestranda, og ta til høgre der det er skilta mot Blånibba. Gå eit stykke mot Blånibba, til du passerer ei elv, så føl du elva opp til vatnet. No er det kome ein ny sti til Svinestrandsvatnet, då parkerer du nær Bjørndalen hyttefelt og føl skilting mot Blånibba. Når du kjem til kloppane tar du av opp til venstre og føl trakket/merkinga heilt opp til Svinestrandsvatnet.

Slik kommer du deg dit

Fant ingen stoppesteder i nærheten.
Annonse