Trollvassnyken

Om stedet

  • Område
  • Type
    Fjelltopp, Turpost
  • Høyde over havet
    952.8 m
Kjør rv 15 til Stårheim kyrkje. Ta av til høgre rett før kyrkja ved skilt mot Remmedalen og kjør oppover mot Remmedalen. Ved den andre brua tar ein av opp mot venstre etter ferista. Her står eit treskilt merka med Heida. Følg denne vegen til endes og parker. NB! Her er bomveg so husk å ta med pengar til betaling (20 kr). Stien er tydeleg og går på vestsida av elva. Etter ca 200 m med oppstigning kjem du til eit lite tjern på venstre side av stien. Terrenget går over i bratt terreng opp over nokre hamrar, før ein kjem opp til 900 moh og stien kryssar ein bekk og går litt innover igjen på litt flatare terreng før siste stigning til toppen. Ein ser ikkje varden før ein nesten er framme. På toppen får ein ved klarvær flott utsikt ned i Dalsfjorden, innover dalen og ut mot havet. Turen passar for eldre barn og voksne. Turen er 2,2 km ein veg og 356 høgdemeter i stigning. Stien kan vere til tider utfordrande å sjå nokre plassar.