Glæra. Gammal setreveg mellom Jøl bru og Skjerdingsdalssetra

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    5,0 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Jun - okt

Ein fin tur i mektig natur. Ein går på gammal setreveg fra Jøl bru til Skjerdingsdalssetra. Deler av denne vegen er sprengt ut av fjellet slik at det skulle være enklare for bøndene å få dyra til seters. Ein går på fin rås/sti. Det er høge fjellsider på oppsida og bratte skrenter og djupe jøl på nedsida. Likevel enkelt å gå der. Langs vegen ser ein tydelege spor etter tidleare tiders arbeid med å mure opp vegen.
Turen er knappe 5 km. Den kan gåast både fra Jøl bru og fra Skjerdingsdalssetra. Starter ein på setra får ein berre unnabakke.
Råsa ut fra setra kan være vanseleg å følge første stykke, pga av beitande dyr som trakker ut råsa. Ta sikte på ei bru i botnen av dalen. Kryss elva ved den brua og da er det fin sti.
Turen bør ikkje gåast for tidleg på året da det ligg snøfonner ca halvvegs. Når det er store nedbørsmengder og vått kan det være fare for steinsprang.
Barn kan godt gå denne turen, iallefall alternativet som går unnabakken. Pass godt på dei der det er høgt utføre.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Køyr RV 15 mot Strynefjellet. Når ein har køyrt gjennom den første tunellen kjem ein til Skjerdingsdalssetra. Der er det stor parkeringsplass like ved riksvegen. Om ein ikkje vil gå både fram og tilbake må ein ordne med skyss.

Adkomst med offentlig transport

Både start og mål ligg tett ved RV15 så rutegåande buss kan nyttast. Sjekk bussruter.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse