Hjelledalen - Morkaskaret - Vettismorki - Vetti

Publisert av privatperson
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    18,9 km (én vei)
    5 timer
    Tur-retur
  • Sesong
    Jul - sep

Middels krevande dagstur i fantastiske Hjelledalen over til Vettismorki og ned igjen til Vetti. Total lengd ca 18,9 km slik den er tegna i kartet. Turen startar ved parkeringsplassen på Hjelle der du går over brua ved Hjellefossen før du går inn på skilta sti i første svingen etter brua. Stien går bratt oppover i skogen ved sidan av Hjellefossen, og er lett å finne, men ikkje merka. På toppen av stigninga er det ein benk på ei utsiktspunkt det passar fint å ta ein rast. Her er det god utsikt mot Utladalen og Øvre Årdal, samt nedover fossen. Vidare oppover på god og fin sti til Heimre og Fremre Hjelledalen. Ved Fremre Hjelledalen er det stidele ved bru der stien deler seg og det er mogleg å gå til Sletterust. Fortsett rett fram forbi stølen og oppover dalen inn mot Øytjørn. Like før dette vatnet er det eit merkt stidele der du tek av slakt mot venstre og mot Vettismorki. Her kjem ein inn på T-merka sti. Vidare går turen til venstre for Øytjørn og oppover mot Morkaskaret, det høgste punktet på turen. Ved Morkaskaret er det fantastisk utsikt inn mot Hurrungane og ned til Vettismorki. Turen går ned fra skaret, inn i skogen og langs lett skog- og myrterreng der det kan vere blautt her og der. Heile vegen er det merkt med raude T-ar eller merking på trea langs vegen. Stien kjem inn på stidele ved bru like nedanfor Vettismorki og her kan ein velje om ein vil gå vidare rett ned til Vetti eller om Vettismorki og bort til Vettisfossen. På inntegninga her gikk vi til Vettismorki og bort til utsiktspunkt på toppen av Vettisfossen, men du kan og gå nedover langs stien og krysse elva lenger nede og gå bort til same utsiktspunkt her. Etter rast på toppen av Vettisfossen er det bratt ned igjen på god og ryddig sti til Vetti Gard og langs folkevegen mellom Skåri og Vetti heilt ned igjen til startpunktet ved Hjellefossen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Bil inn Utladalen til Hjelle, stor parkeringsplass ved startpunkt.

Adkomst med offentlig transport

Buss til Øvre Årdal, sommarbussrute fram til Hjelle.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.