Frå Trodlafjell til Trodlanibbå, Vikebygd

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    2,9 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Mar - okt

Denne turen går frå toppen av Trodlafjell fram til Trodlanibbå, det er forskjellige måtar å koma til Trodlafjell og Trodlanibbå på, sjå lenker lengre nede på sida. Turen vil i store deler gå i ein bue på fjellryggar rundt Trodlavatnet lengre nede under Trodlafjellet.

Turen startar ved Varden på Vikebygd høgaste fjell, Trodlafjell, 637 m.o.h. Me føl ryggen av fjellet nordover og nedover i nokre hundre meter, før den stig slakt oppover mot ein liten rygg, deretter skjer stien vestover og nedover ei slette, før ein føl ein bergkant og er nede på ei lita myr.

Frå myra så stig stien noko bratt oppover og vestover over litt lyng og gjengrodd ur, før ein kjem til eit bergparti som er noko bratt. Vel oppe på dette bergpartiet så er det opp eit lite skar, og stien flatar ut att. No er ein på austsida av Skrefjellt. Me går langs denne austsida sørover, i det stien byrjar å gå nedover att så er ein berre ca. 100-200 meter frå høgaste punkt på Skrefjellet., 627 m.o.h. Så ein avstikkar opp der kan vera på sin plass, før ein går vidare på turen mot Trodlanibbå.

Turen ber vidare vestover ned lang ei fjellside og forlet Skrefjellet, på veg ned dit så ser ein til Olatjørn, som ein skal passere like sør for. Etter ein har kryssa den vesle bekken som renn frå Olatjørn så er går stien vidare sør-vestover framleis i ope lende, ein går litt opp og ned i terrenget til ein kjem fram til ei lita slak stigning fram mot Trodlanibbå. På toppen av denne stigninga så ser ein ned til Trodlanibbå, og dei siste få metrane går som ein lek.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar på toppen av Trodlafjell, korleis ein kjem seg der kan ein finne i lenker ovanfor. Men for å koma til Trodlafjell så startar ein uansett frå parkeringsplassen ved kyrkja i Vikebygd. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 12 km til ein kjem til kyrkja.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse