Pissaren, eit spesielt naturfenomen

Publisert av: Midtre Nordfjord Turlag

Pissaren, eit spesielt naturfenomen

I 2015 er dette ein av trimpostane på Jølstertrimmen og er med det ein godt merka tur no ifrå Søgnesand. Turen til Søgnesand er i seg sjølv ei oppleving, tunnellen er mørk og smal, men det går fint!

Du går på høgre sida av gjerdet oppover lia. Der er fleire fine utkikkspunkt før du kjem opp på høgda og går inn over i dalen.

Det er litt "opp og ned", og for oss som ikkje veit kvar vi skal, så trur vi at Pissaren er nærare enn kva den er. Turen tar ca to timar til Pissaren, noko kortare tid ned att.

Du kan gå vidare til Gamle Søgnesandstøylen på ca. 928 moh, men her er ikkje merkt.

Ein fin tur på Jølster!

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Køyr til Kjøsnes og ta av til Søgnesand. Det varierer med årstidene om du køyrer gjennom ein tunnell, eller køyrer ved sida av.

Midtre Nordfjord Turlag