Grovvatnet

Publisert av: Kvam Turlag

Grovvatnet

Grovvatnet ligg på grensa mellom Kvam og Fusa 337 m.o.h ovanfor Dysvik.

Vatnet ligg idyllisk til og kryr av små fjellaurar, så ta med fiskeutstyr.

Grunneigarane i Dysvik har lagt til rette med båt, bålpanne, og ei lita kvilebu til almenn bruk.

Følg skogsvegen som går frå Dysvik (denne er ikkje innteikna på kartet, sjekk flyfoto i kartvisninga for å sjå kor denne går - avkøyring frå hovudvegen er like før Dysvikneset ved Bråthun Hyttetun), ca.2 km utom Oma, bratt opp 2,3 km til Høylimyra der det er god parkering.

Vidare på merka sti 1,5 km til vatnet. Kort og fin tur for barnefamiliar.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Køyr sørover frå Oma i omlag to kilometer. Ved Bråthun Hyttetun tek du av på skogsveg omlag 2,3 km bratt oppover.