Kinn Sunnivaleia Rundt øya

Publisert av: Flora Turlag
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    4,6 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Rundt øya på sørsida over Høyskaret. Turen startar frå rutebåtkaia og ein tek til venstre bak det kvite huset. Det er merka med pilskilt til Kinnakyrkja. På sørsida av øya finn ein rester etter eldre busetnad. Det er fin utsikt til Atløya, Tviberg, Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune. Ein går over Høyskaret og nede på flata og tar ein til høgre mot kyrkja. Dette er ein del av Sunnivaleia / Pilgrimsleia som går over Høyskaret og til Kinnakyrkja. Høyskaret er det høgaste punktet med 110 moh. På denne stien er det QR kodar der ein kan lese, ved hjelp av mobil app, om dei historiske plassan som ligg langs Sunnivaleia. Rett før Høyskaret ligg Olav Trygvason hellaren. Frå kyrkja til kaia er det 1,3 km på god grusveg. Synnivaleia går også over Reksta.

Det gamle skulehuset på høgre side av vegen er Flora Turlag si hytte som kan brukast av alle. Den er låst med DNT nøkkel.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rutebåt til Kinn

Adkomst med offentlig transport

Rutebåt til Kinn