Hovden Barekstad til Kvannhovden Fyr over Vemannsrøysa

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    6,3 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Turen startar på rutebåtkaia. Ein går til vegkrysset og rett etter det gamle skulehuset viser skilt til stien opp på Vemannsrøysa 239 moh. Følg stien vidare utover fjellryggen og du har Gåsevatnet på venstre side. Ser du over på andre sida ser til Botnane og Årebrotet. Høgste punkt på turen er 244 moh og derifrå går turen ned til Sildevågen. Tar du til høgre i Sildevågen kjem du til Hovdevåg. Ta til venstre og du kjem til Kvannhovden Fyr.

Fortset vidare utover forbi Skjelvika og til Kvannhovden. Kvannhovden fyr vart bygd 1895 og automatisert i 1980. No brukt til overnatting og har servering enkelte dagar. Rett over fyret ligg høgste fjellet på øya, Store Skorekinna 310 moh.

Tilbake kan du gå same vegen eller ta turen via Domba.

Du kan også gå til Hovdevåg og ta vegen tilbake. På Ytre Hovdevåg finn du ei minneplate med takk for illegal innsats frå lokalbefolkninga på Hovden, flyktningetrafikken og illegal mottak av våpen frå England. På ein haug 100 meter lengre vest møter du det 3 meter høge gravmonumentet over den nasjonalt kjende sauebonden Johan Schumann ( 1859 - 1911 ). Foregangsmann og folkeopplysar. Han selde Nordhovden i 1899 til Indrehusfamilien som driv garden også idag. Enno finn ein sauer på Svanøya som kjem frå sauefloken til Schumann. På Nordhovden er det eit freda fuglefjell. Du kan no gå bilvegen til Barekstad omlag 5 km til Barekstad kal. Om lag midtvegs møter du busetnaden i Hovdetræet.

Utgangspunkt for mange fine turar er rutebåtkaia i Barekstad. Der er det også gjestebrygge og sanitærrom med toalett og betalingdusj. På nordsida av øya, i Domba er det uthamn laga av Florø Båtforening som også er eit fint utgangspunkt for turar på øya.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rutebåt til Barekstad

Adkomst med offentlig transport

Rutebåt
Annonse