Tur til Kleiva frå Rongved, Vevletveit eller Revheim

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    4,3 km
    2 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Apr - nov

Kleiva er ein gamal husmannsplass oppfør Torvelida som ligg i området mellom Revheim, Rongve og Vevle. Turen tek frå 1 til tre timar alt etter om ein går berre til og fra Kleiva, eller vel å gå ein rudtur i heile området.

Turen går på god og synleg skogsveg og er godt eigna for dei fleste. På Kleiva er det godt å vera. Hus og løe står framleis fine.

Vegen mellom Reveheim og Vevletveit er ein del av den gamle bygdevegen mellom Valestrand og Gjerstad. Vegen frå Rongved til Kleive vart og nytta når ein skulle til kyrkje på Gjerstad.

Eit par hundre meter søraust for Kleiva kan ein også koma inn på den merka stigen Rongvedmarka rundt. Føl ein den ender ein ved Korsåsen bustadfelt/Grønskaret.

På vegen mellom Rongved og Kleiva går ein forbi to løer etter gamle bruk og plassar.

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Rongved startar turen ved Rongved mekaniske verkstad. Frå Vevletveit tek ein opp på veg til venstre når ein kjem til første huset på høgre side for Øyjordsbrune. Frå busstoppet på Revheim går ein vel 100 m sørover på gardsvegen, og tek så inn på skogsveg ved Oppigardsløa. Det er mogleg å finna parkering alle desse stadane.

Adkomst med offentlig transport

Til Revheim kjem ein med buss til/frå Lonevåg om Hauge. Til Rongved må ein ta buss til Mæle bru på buss til/Frå Lonevåg om Gjerstad. Ein må så gå nedover ca. 1 km på veg til Rongved/Vevle til ein kjem til bilverkstaden. Til Vevletveit må ein ta buss til Øyjordsbrune på buss til/frå Lonevåg om Hauge. Ein må så gå oppover ca 700/800 meter på vegen til Vevle/Rongved.
Annonse