Tur til Longavatnet, via Børkjelannsskaret.  Vikebygd

Publisert av privatperson

Tur til Longavatnet, via Børkjelannsskaret.  Vikebygd

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    7,5 km
    1 time, 40 minutter
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Denne turen startar med bygdehuset i Vikebygd og går opp Børkjelannsskar, og frå toppen av dette så går stien vidare på nordsida ab Buskarehompen, mot foten av Trodlafjell. Herifrå går stien ned til Longavatnet, og nedvVikestølsvegen tilbake til Vikebygd.

Frå bygdehuset så føl ein grusveg innover og tar til venstre inn på traktorveg der vegen deler seg, der står det og skilt mot Trodlanibbå, ein skal følja same vegen som ein brukar opp Trodlanibbå til ein er vel opp Børkjelandsskar.

Ein føl Traktorvegen bortover og oppover inn i skogen, like etter ein passerar eit skilt som syner vegen opp til Dyraskorfjell så tar ein av til høgre og ut av traktorvegen, det er der traktorvegen gjer ein krapp sving til venstre og oppover. Ein har då gått ca. 700-800 meter frå bygdahuset,

Frå her så går ein vidare på ein sti igjennom skogen til ein kjem ut på nok ein traktorveg, her held ein til venstre heile vegen på dei stdane vegen deler seg, og etter kvart så stig traktorvegen nokså bratt til den endar. Her går ein vidare på ein sti igjen, det kjem eit nokså vått og bratt parti på ein ca. 100 m, før landskapet byrjar å opne seg ved Smalaklatt, og ein får ei fin utsikt over Vikebygd. Herifrå stig det igjen ein heil del og det er noko vått some stadar.

Etter ei stund kjem ein til Børkjelannsskar. Men like før ein er i skaret så går ein forbi ei gammal kongegarv, soga seier at her er ein småkonge gravlagd. Han klart kanskje ikkje meir på turen oppover mot fjellet, og vart lagd i jord der han stupte, kven veit?

Vel oppe Børkjelannsskaret, så kjem ein til eit vegskilje, der ein kan gå mot Trodlanibbå, eller leggja kursen mot Longavatn. Ein er no akkurat i tregrensa, og terrenget er i det store og heile ope. Ein går austover mot Longavatn, og ein har ca. 1 km med gange til ein er framme med foten av Trodlafjellet. Ikkje lenge etter skiltet så kryssar ein i utkansten av ein myr før ein stig litt i terrenget på nordsida av Buskarehompen. Stien passerar kloss inntil Buskarehompen på høgre side ( sør ), og ein bør bruke det eine minuttet det tar og stiga opp til toppen på hompen og få litt utsikt over terrenget.Frå Buskarehompen så følgjer det meir myrlendt terreng, før ein stig litt i det ein kryssar bekken frå Trollavatnet og snur kursen sørover.

Etter ei lita stund så er ein ved eit nytt vegskilje, her går ein rett fram med kurs mot Longavatnet, det er no ca. 700 meter ned til vatnet. Herfrå blir det først noko myrlendt før stien stupar ned under tregrensa og det blir noko tørrare i gjennom skogen ned til vatnet.

Ved vatnet så kjem ein inn på Vikestølsvegen, den følgjer ein nedover i ca. 2 km til ein er ute av skogen og på innmark. Like etter brua over elva så deler vegen seg, her tar ein vegen til høgre nedover til fylkesvegen.

Ved fylkesvegen tar ein til høgre, og går nordover dei siste 800 metrane attende til utgangspunktet for turen, Vikebygd Bygdahus.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar ved parkeringsplassen ved Bygdahuset Vikebygd.Ta av frå E134 ved Isvik og føl vegen mot Vikebygd i vel 12 km til ein kjem til bygdahuset.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.