Knebben ligg rett bak grenda Sandalen, og er ein låg fortopp til eit flott turterreng. Knebben er i nabolaget til kunstnaren Astrup sin heim, og gir kortreist og storslagen utsikt over Jølstravatnet. Toppen har kunstnaren ofte med seg i sine motiv han har måla frå Sandalen.
Turen startar ved grushola i Sandalen. Etter eit kort stykke på grusveg opp til kraftverket byrjar stien først i tørr og fin skog. Du går eit svært kort stykke på skogsveg på kring 400 moh, der du tek av i vestleg retning. Først litt ned og over eit stykke myrlendt og vått terreng, før du passerer ei eldre bru over Bjørndalselva.
Rett etter brua startar du på ganske tydeleg sti som går i retning Bjørndalsstøylen som ligg 2 km lenger inn i dalen. Du følgjer denne stien eit lite stykke oppover. Ved ein stor stein på ca 500 moh har det vore måla ei raud pil på steinen der du skal ta av stien og gå i nordvestlig retning (rett mot toppen av Knebben). Det kan vere litt vanskeleg å ta av stien på rett plass og ta rett retning sidan det er ein del dyretråkk i tillegg til stiane. Frå dette punktet er stien du skal følgje mot Knebben ein del mindre synleg. Det er einskilde gamle raude merke på fjellbjørkene å orientere seg etter. Dette er spor etter fjelltrimrute. Terrenget er relativt ope og lett å finne fram i, så om du mistar merkene er det berre å sikte rett på toppen. På omlag 680 moh går du i sørleg retning. Her møter du på litt meir krevjande terreng og eit litt brattare parti opp mot toppen av ryggen.
Du har flott utsikt mot Jølstravatnet, Sandalen, Bjørndalen, Orkja og Bjørsetstøylen heile vegen opp. Vel oppe på ryggen får du utsikt mot Nonsnipa og Klauva. Turen opp tek kring 1,5-2 timar og 30-45 min ned att. Dei som ikkje er så vande med å gå i terreng, og orientere seg utan å følgje tydeleg sti, må rekne ein del meir tid sidan terrenget er noko tungt å gå i pga. ein del myr og lyng. Sidan du må rekne med å måtte orientere ein del utanfor sti bør du ha godt vær og tørt terreng når du går denne turen.
AC Kapstad for IST
Køyr fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet. Turstart ved grushola som ligg vest for Astruptunet og aust for Sandalen. Her kan du parkere.