Dette er ei kort og fin rundløype på ca 1,8 km. Turen startar på grusveg ned mot Smievågen. Skilt syner vegvalg undervegs. Løypa kan vera ganske blaut etter nedbør.
Fleire stader på turen er det flotte svaberg der du kan setje deg ned og nyte utsikta utover fjorden, eller ta ein dukkert om det er ein sommarsdag. Det er òg gode forhold for stongfiske langs svaberga.
Terrenget er lett kupert og passar for dei aller fleste. Turen tek om lag 25 minutt.
Ved starten på turen står ei informasjonstavle det kan vere nyttig å studere.
Om du kjem med bil, køyrer du mot Hatvik og tek til høgre ned mot Bjånes. Ved startpunktet for turen er det fin parkering med plass til flere biler. Du kan òg parkere i Os sentrum og følgje skiltinga til Strandvegen. Denne turen fører deg til Smievågen.