Kulturhistorisk løype i Leikanger - Eitorn

Publisert av: Vestland fylkeskommune 
Annonse

Om turen

Ein fin tur mellom gamle gardstun langs Sognefjorden.

Turen startar ved ferjekaien på Hella. Det er mogeleg å kome seg hit med buss (sjå ruter på kringom.no) og ein parkere bilar på parkeringsplassen på nordsida av ferjekaien. I Eitorn kan ein gå ned til riksvegen og følgje denne tilbake til Hella (ikkje teikna inn i kartet). Ein kan også ta ein buss eller verte henta av bil. Eit siste alternativ er å gå same stien tilbake til utgangspunktet på Hella. Dei som ønskjer ein lenger tur kan følgje stien vidare forbi Eitun, over elva som munnar ut i Kvinnafossen og opp til Skoparsete.

Ein startar med å gå opp den private vegen mot garden Rud, og følger etter dette turskilt mot Eitorn.

Ved fjorden inn mot Fjærland kan ein sjå ei restaurert gilje etter modell frå dei gamle giljene som var vanlege i laksefisket langs fjorden.

Hella
Garden Hella (Hellen) er den første ein passerer på turen. Denne garden er først nemnd i kjeldene allereie i 1667. Då var dette framleis under garden Ruud. I 1690 kom denne garden under bispestolen i Bergen. Det vart drive jordbruk og laksefiske på Hella fram til ca 1960. I seinare år har folk på Hella jobba innanfor turistnæringa.

Flete
Ved den gamle garden Flete deler stien seg. Her er det mogeleg å ta turen opp til garden Rud, men turen til Eitorn følgjer stien austover langs fjorden.

Eitorn skule
Etterkvart kjem ein til det gamle skulehuset som også fungerte som forsamlingshus, bedehus og ungdomshus i grenda frå det vart sett opp i 1880 og fram til 1956. Huset vart sett opp på garden Vestreim og vart overdrege til garden då skulen vart lagt ned. I 2006 vart huset overdrege til Eitorn grendalag som har restaurert huset.

Vestreim
Garden Vestreim var ein aktiv gard frå 1567 til 1967. Etter dette vart garden slegen saman med Eitungjerde og i 1976 vart våningshuset skilt frå.

Eitungjerde og Eitorn gamle sentrum

Garden Eitungjerde er først nemnd i kjeldene på 1330-talet. Garden var då delt mellom to kyrkjestader - Hopperstad i Vik og Kvamsøy i Balestrand. Garden vart seinare del i tre bruk. Dei to størset, bruk 1 og 2, hadde felles lakserett og det vart fiska med sitjenot, kilenot og krokgarn.

Eitorn var i mange år eit velfungerande samfunn og hadde sitt sentrum på garden Eitungjerde.. Dampskipskaien vart truleg sett opp i 1907. Fylkesbåtane gjekk i rute fleire gonger for dag fram til vegen til Leikanger kom i 1956. Det var telefonsentral frå 12. mars 1897 til telefonen vart automatisert i 1963. Brevhuset som vart oppretta 1. oktober 1905 vart utvida til postopneri 1. april 1907. Dette vart lagt ned 1. mars 1965 då det vart oppretta landpostbod frå Leikanger. Det var landhandel frå 1908 fram til den vart lagt ned i 1940.

Merkesgrovi
Eitorn har gjennom tidene vore delt i to mellom bruka Eitun på den eine sida og Eitungjerde, Vestreim, Rud/Ruud og Hella/Hellen på den andre sida, blant anna med tanke på beite. Dette skiljet følger Merkesgrovi frå sjøen og opp. Det vart sett opp merkesgard, stort sett bygd av sprake eller anna trevirke.

Kvihaugen
Kvihaugen er ein gamal husmannsplass som vart sett opp kring 1894 og fråflytta i 1999. Husa som står på plassen i dag vert sett opp i 1918.

Eitun
Det er i dag fire bruk på Eitun, og garden er først nemnd i kjeldene i 1338.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Bil eller buss til Hella ferjestad. Retur langs same løypa eller langs riksvegen tilbake til Hella, eller buss frå Eitorn mot Hella eller Leikanger. Bussruter finn ein på kringom.no.
Annonse