Norddalsfjord Svanevatnet, Gjelefjellet og Lendingsholten. Rundtur

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,9 km
  • 2 t, 30 min
  • Rundtur
  • 301 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - nov

Turen startar ved bilvegen på Fv 544 innover Norddalsfjord. Rett etter brua innerst i Norddalsfjorden ( der fjorden endar) er det på venstre side av bilvegen skilta til Svanevatnet. Følg skogsvegen opp Gjelet og vidare sti til Svanevatnet. Ved Svanevatnet tar du vestover fjellryggen og går mot Gjelefjellet som er 214 moh. Gå same veg attende eller ta rundturen via Lendingsholten.

Rundturen frå Gjelefjellet: Kryss så over til Lendingsholten på austsida av Lometjørna. Gå på vestsida av bekk / elv og vidare til Lendingsholten. Der er eit godt hjortetråkk du kan følgje. Fortset austover Lendingshoten og du kjem inn på den merka stien frå Storevatne. Følg denne til Svanevatnet og vidare ned same Gjelet du kom opp. Snart er du nede ved Fv 544.

Svanevatnet er eit spanande turmål og nokre huskar kanskje vinteren / våren 1979 og all merksemda omkring meteoritten, himmelsteinen eller kva det var som lagde stort hol i isen. (Firdaposten 24. april 1979)

God tur!

Adkomst med egen bil

Følg Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare på Fv 544
Annonse