Turstart ved Jølstravatnet, vidare på skogsveg forbi to gamle gardstun, før du stig oppover i beitelandskap. Du går i flott turterreng, med utsikt over Jølstravatnet store delar av turen.
Pga. at det ferdast ganske lite med folk i dette området er stien diverre grodd ein del igjen. Det har vore fjelltrim slik at du tidvis vil finne spor etter merking etter denne. Det kan på førehand likevel vere greit å vite at du må synes det er OK å gå på tur utan veldig tydeleg sti om du vel denne turen.
Mange vel å ha turmålet opp til den raude gamle stova, som ligg i ope terreng med svært flott utsikt. Rett bak denne stova finn du eit par perfekte badekulpar i elvefaret! Om du passerer elva, og går noko aust kjem du til Sårheimsstøylen. Her står det berre grunnmurar igjen sidan husa vart tatt av eit ras under Dagmar-uværet for nokre år sidan. Turen tek ca 45-60 minuttar opp.
Om du ønsker å forlenge turen kan du gå vidare i nordleg retning opp til Høgefjellet. Du går frå den raude stova opp i fjellsida. Her er det ikkje noko sti. Det er lurt å følgje små rykkar oppover dei noko bratte bakkane til den vesle varden som du møter toppen. Det er litt myrlendt terreng å gå i her, og kan opplevast som litt tungt. Frå toppen får du veldig flott utsikt over Jølstravatnet mot både søraust og vest. I bileta som er lagt ved turen ligg det nokre foto som syner denne utsikta.
AC Kapstad for IST
Ta av E39 ved gardsveg til Sårheim ca 1 km vest for Ålhus. Det er utfordrande å finne parkering ved turstart. Det er eit godt alternativ å parkere på Ålhus ved Eikås-galleriet og gå i vegkanten langs E39 vestover til turstart. Om du vel å parkere ved turstart må du gjere det nede ved vatnet/E39 utan å vere til hinder for trafikk og private gardstun.