Indreåsane - Sandegga

Publisert av: Indre Sunnfjord Turlag

Indreåsane - Sandegga

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    10,9 km
    6 timer
    En vei
  • Sesong
    Jun - okt

Turen startar frå Indreåsane ovanfor Moskog. Her kan ein parkere i enden av vegen som blei opparbeid i samband med bygging av kraftline.

Derfrå går ein skogsveg oppover mot Åsastølane. Det er gangbru over elva nedanfor stølen, ovanfor stølane er det eit par bekkar som må steingåast. Stien vidare er ikkje merka, men er tydeleg der det er vegetasjon. Ein følgjer elva oppetter og eit stykkje inn i botnen før stien tar av til venstre og følgjer ein rygg oppover mot toppen. Her er det stedvis bratt og tungt. I starten og slutten av sesongen kan snø gjere det endå tyngre, og vanskeleg å følgje stien. Her er det godt merka med små vardar og reiste steinar.

Berekne god tid, ha solid og godt fottøy, og ta med mat og drikke. Frå varden på toppen kan ein på ein fin dag sjå heile Sunnfjord og meir til.

Hugs at det er bandtvang for hundar frå 1. april til 31. oktober i Førde kommune.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av frå E39 mot Holsen og Gaularfjell aust for Førde. Ta til høgre mot Åsane straks etter bru over Jølstra. Til venstre ved raud låve etter passering av elva frå Åsvatnet. Ca 1 km opp til parkering på lasteplass.

Indre Sunnfjord Turlag