Gravsfjellet (Årsetfjellet)

Legg til huskeliste
Annonse

Gravsfjellet, er "veslebror" til naboen Tindefjellet, og vert på folkemunne også kalla Årsetfjellet. Dette er blitt ein kvardagsfavoritt for mange fjelltrimmarar på Vassenden. Det er stor og markant varde på toppen der utsikta over Jølstravatnet og Vassenden er storslagen. Det er bok i varden som du kan skrive deg inn i. 

Det er mange vegar til Gravsfjellet frå Vassenden. Her er ruta opp slik du går den ved turstart frå Årsetbakkane ved Jølstravatnet. I starten av denne ruta går du i beitelandskap, gjennom grindar. Pass på å lat att grindane etter deg, og ha hunden i band. Ei anna rute opp går frå Storetrevarden (sjå lenke). Desse rutene kan kombinerast til ein rundtur.

Denne turen startar på veg opp byggefeltet Årsetbakkane, før du går vidare på skogsveg og i beitelandskap. Pga. rasa i Jølster i 2019, der Årsetelva rann over alle sine breidder, vart delar av stien vaska vekk og stien vart endra på. Denne ruta er oppdatert slik den nye stien ligg i terrenget. Etter å ha gått forbi det siste bustadhuset i Årsetbakkane går du igjennom ei grind og inn på beitelandskap. Etter eit kort stykke på gras kjem du opp i ein traktorveg som du går eit kort stykke på før du ved ei bru tek av gjennom ei ny grind, og går delvis over på sti i fint beitelandskap oppover langs elva. 

Etter kryssing av Årsetelva går du på god sti, i noko bratt terreng, resten av vegen opp. Det er relativt tørt og fint underlag heile vegen der du går på sti. Du møter på eit parti med noko stein og sva, før du går over på litt myrlendt terreng. Du har flott utsikt over Vassenden, Jølstravatnet, Gjesdalen og Jølster Skisenter på store delar av turen.

Vel oppe i skaret mellom Tindefjellet og Gravsfjelet ser du Årsetstøylen ligge nede i ei "bukt" i nordleg retning for der GPS-sporet er lagt. På toppen av Gravsfjellet står ein flott varde med ei bok i. Boka ligg på den sida av varden som vender mest mot nord, og har ein stein stikkande ut av varden. Turen tek kring 1 time opp. Turen eignar seg godt som fjelltur for spreke barnefamiliar, og som trimtur for dei som likar trim i litt bratt terreng.

Om du ønsker det kan du gå vidare til Tindefjellet. I skaret mellom Gravsfjellet og Tindefjellet står det ei lita hytte. Omlag ved denne kryssar stiane kvarandre. Avstikkaren opp til Tindefjellet er på omlag 300-350 ekstra høgdemeter opp, og går på fin sti langs den vestlege ryggen av fjellet. I det du "knekk opp på ryggen" passerer du ein flott varde før du følgjer ryggen vidare opp til topp-punktet. Turen til Tindefjellet er i vedlagt lenke skildra som rundtur frå Svidalen til Vassenden. 

AC Kapstad for IST 

Adkomst med egen bil

Køyr av E39 på Vassenden der det er skilta til omsorgssenteret og Jølstramuseet. Det er eit par parkeringsplassar i vegkanten øvst i byggefeltet. Det kan vere like greit å parkere nede i Vassenden sentrum, og ta turstart ved det gamle hotellbygget i sveitsarstil i Vassenden-bukta, eller gå opp byggefeltet frå Coopen.  

Annonse