Hovden Barekstad - "Øyane Over" gamle løypetrace

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    6,9 km
    2 timer, 30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Dette er den gamle løypetraceen til Øyane Over. Den blei brukt så lenge båten kunne gå inn til kaia på Kjetangen. Vi har gått opp trace i forbindelse med at det er 40 år sidan Øyane Over gjekk for første gong ( 22.mai 1976 )

Vi starter turen i Hovdevåg og går til Barekstad.

Stien går delvis på dyretråkk.

På Ytre Hovdevåg finn du ei minneplate med takk for illegal innsats frå lokalbefolkninga på Hovden, flyktningetrafikken og illegal mottak av våpen frå England. På ein haug 100 meter lengre vest møter du det 3 meter høge gravmonumentet over den nasjonalt kjende sauebonden Johan Schumann ( 1859 - 1911 ). Foregangsmann og folkeopplysar. Han selde Nordhovden i 1899 til Indrehusfamilien som driv garden også idag. Enno finn du sauer på Svanøya som kjem frå sauefloken til Schumann. På Nordhovden er det eit freda fuglefjell. Du kan no gå bilvegen til Barekstad omlag 5 km til Barekstad kai. Om lag midtvegs møter du busetnaden i Hovdetræet.

Frå Hovdevåg tar du av til Nordsjøløypa som går til Kvanhovden Fyr/Barekstad. Du går forbi Bokfjøset. Følg Nordsjøløypa til du kjem til Sildevågen. Innerst i vågen er det eit stiskillje. Følg Nordsjøøypa oppover som er skilta mot Barekstad. Den dreiar mot venstre når du er nesten på topp. Ta her av frå Nordsjøløypa og gå beint fram på dyretråkk opp mot Storeskaret. Følg dyretråkket utover på vestsida av Gåsevatnet. Forset utover og hald på vestsida av elva til du møtar på Nordsjøløypa. Følg denne ned til Halshamrevika. Derifrå gå vegen til Barekstad kai.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rutebåt til Barekstad
Annonse