Tur til Raudlio

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,8 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 229 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - des

Turen startar i Hatlelio. Her har Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) sett opp ei informasjonstavle du kan kikke på, før du startar å gå. Følg vegen opp til venstre frå parkeringsplassen. Etter om lag 200 meter tek du til venstre og inn på ein skogsbilveg.
Raudlio og Stokkedalen er eit stort friluftsområde med villmarkspreg. Store deler av Osvassdraget renn gjennom friluftsområdet.
Turen inn til Raudlistova og Raudlibøen er 3,9 km. Raudlistova kan du leige til dagsbesøk. Ring Kommunetorget i Os kommune på 56 57 50 00.
Ein fin rundtur er langs god turstig frå Raudlistova via Bergen Jeger og fiskeforening si hytte ved Raudlitjørna, og vidare mellom Raudlivatna og tilbake langs turvegen til parkeringsplassen i Hatlelio.

Det er òg fint å padle kano i Raudlivatnet. Du finn fine leirplassar i nordenden av Ytre Raudlivatnet. Her er det òg gapahuk.

Adkomst med egen bil

Køyr frå Os mot Søfteland. Like etter Joker-butikken på venstre side tar du av mot Gåssand. Følg vegen innover i 5-6 minutt til du kjem til parkeringsplass på venstre side.

Adkomst med kollektivtransport

Ta buss rute 600 frå Os, og gå av på busstopp vis a vis Joker-butikken på Søfteland.
Annonse