Hovden Barekstad - Vemannsrøysa til Hovdevåg

Publisert av: Flora Turlag
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    6,1 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Turen startar på kaia. Ein går til vegkrysset og rett etter det gamle skulehuset viser skilt til stien opp på Vemannsrøysa 239 moh. Soga seier at det er vikingen Vemann som er gravlagd i denne røysa. Følg stien vidare utover fjellryggen og du har Gåsevatnet på venstre side. Ser du over på andre sida, ser til Botnane og Årebrotet. Høgste punkt på turen er 244 moh og derifrå går turen ned til Sildevågen. Ta til høgre der og du kjem til Hovdevåg. Tar du til venstre kjem du til Kvannhovden Fyr. Går du til Hovdevåg og når du kjem ned på bilvegen ta ein avstikkar ut mot Nordhovden.

På Ytre Hovdevåg finn du ei minneplate med takk for illegal innsats frå lokalbefolkninga på Hovden, flyktningetrafikken og illegal mottak av våpen frå England. På ein haug 100 meter lengre vest møter du det 3 meter høge gravmonumentet over den nasjonalt kjende sauebonden Johan Schumann ( 1859 - 1911 ). Foregangsmann og folkeopplysar. Han selde Nordhovden i 1899 til Indrehusfamilien som driv garden også idag. Enno finn ein sauer på Svanøya som kjem frå sauefloken til Schumann. På Nordhovden er det eit freda fuglefjell. Du kan no gå bilvegen til Barekstad omlag 5 km til Barekstad kal. Om lag midtvegs møter du busetnaden i Hovdetræet.

Utgangspunkt for mange fine turar er rutebåtkaia i Barekstad. Der er det også gjestebrygge og sanitærrom med toalett og betalingdusj. På nordsida av øya, i Domba er det uthamn laga av Florø Båtforening som også er eit fint utgangspunkt for turar på øya.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rutebåt til Barekstad

Adkomst med offentlig transport

Rutebåt