Billingen - Diktarstien - Steinbrua

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

Ein spektaktulær tur nær Rv 15 ved Billingen. Utgangspunkt ved Billingen Seterpensjonat.
Diktarstien er ein rundtur på ca 700 meter. Der er sett opp tavler/skilt med dikt av diktaren Jan-Magnus Bruheim. Ein går over den frådande elva Tora på ei trygg utleggsbru.

Turen til Steinbrua går lenger opp i terrenget. Det er ein rundtur på ca 3,5 km. Ein stein har kilt seg fast der gjølet på elva Føysa er smalast. Stien går over denne spesielle brua. Det er ikkje tillaga med rekkverk eller kjetting der ein passerer elva så her må ein være forsiktige. Det er høgt ned i jølet og elva er stor. Også oppsteget på steinen kan være utfordrande. Vær ekstra forsiktig om barn er med. På den andre sida av elva er det tydeleg og godt merka sti ned til setra og vidare ned til Billingen Seterpensjonat.

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rv 15 Lom-Stryn. Ta av ved skilt Billingen Seterpensjonat.
Annonse