Tur frå Hannisdal til Askelandsvatnet på god sti

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    3,9 km
    2 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Apr - nov

Tur på skogsveg/god sti bratt opp gjennom utmark og granskog til det flatar ut og vert myrlendt mot Askjelandsvatnet.

Askelandsvatnet er hovudvasskjelde på Osterøy, men ligg vakkert og lunt mellom Rødlandsfjellet, Stemmeseggi, Erstadfjellet og Såto. Startar gjennom tunet på Hannisdalgarden og følge skogsveg langs bekk oppover. Etter 100 m tek ein til høgre over bekken og følge skogsvegen i ein sving oppover til der den forsvinn øvst inn i granskogen. En føl skogsvegen, utan å ta av, oppover gjennom ein krapp høgresving. Vel 100 meter etter svingen står det ein liten stige på venstre side av vegen som leier opp på stig i granskogen. Stigen er god, men ein kan stundom verta forvirra av hjortetråkk på slutten. Men ein skal følga skaret opp til toppen.

Når ein kjem ut av skogen kan ein etter ca 80 m ta inn på sti i ein opning i skogen til høgre. Denne går over mot Såta og nordsida av Askelandsvatnet.

Går ein rett fram kjem ein fort ned til vatnet og kan følga det inn til sørenden. Her er ein fin plass for niste og kvile.

Frå sørenden kan ein følga dal innover og koma inn på sti frå Mjelde/Rødland til Stemmeseggi. Det er ikkje sti her, men det er berre eit dalføre å følgja. Ein kan også klatra gjennom krattskogen på Sørenden av vatnet og møta stien frå Erstadfjellet til Stemmeseggi på Askelandsleitet.

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Riksveg 566 frå Osterøybrua eller Rundkøyring på Hauge til Hannisdal der det er einaste plassen på denne strekninga der det går veg på bru over riksvegen. Bussstopp på begge sider av vegen. Ein finn parkering langs riksvegen.

Adkomst med offentlig transport

Rute 200 og 210 frå Arna, Lonevåg og Valestrand. Ikkje alle ruter går gjennom Hannisdalen, så det må ein sjekka. Du finn rutetider på skyss.no
Annonse