Topptur/Rundtur til Stemmeseggi frå Mjeldalen, Sundland eller Hausberg

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    10,6 km
    2 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Apr - okt

Stemmeseggi ligg med vakker utsikt i alle retningar oppfør Haus. Turen kan takast som Topptur opp og ner, der turen frå Mjeldalen er lengst (ca 3,3 km til toppen) og mest stigning, mens det er mykje lettare og kortare tur frå Sundland og Hausberg (ca 2 km til toppen). Det er mykje myrlendt, så enten bør ein ha godt fottøy eller innstilla seg på at ein ikkje går turrskodd.

Turen frå Mjelddalen fører deg gjennom nokre store torvmyrer, Storahavet og Litlanhavet der det har vore torvdrift og ein finn framleis dei gamle torvhusa.

Frå Hausberg kjem ein innom den gamle husmannsplassen Kausstølen der dei flotte gråsteinsgavlane og tuftene framleis står fint.

Frå Sundland er turen flatare og er godt eigna for born.

Ein kan også leggja det opp som ein rundtur frå Sundland om eggi og neratt over Kausstølen og Hausberg eller motsatt.

Eller ein kan ta turen frå Mjeldalen over Stemmeeggi til Sundland og følga veg og finna snarvegar ner til Haus eller gå ner til Kausstølen før ein legg turen tilbake til Mjeldalen

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Til Mjeldalen kjem ein ved å ta riksveg 359 til Haus. Start er ca 100 m nedanfor Vestlandshus Mjelde AS/300 m oppanfor ungdomshuset. Det er grei parkering ved ungdomshuset som ligg inn til venstre over elva rett før vegen smalnar sterkt saman. Til Sundland og Hausberget kjem ein viss ein tek vegen forbi kyrkja i Haus og forbi Votlo og oppover nesten så langt ein kjem. Sjå kart. Det er grei parkering begge stadane.

Adkomst med offentlig transport

Til Mjeldalen tek ein rute 200 frå Arna, Valestrand eller Lonevåg. Same bussane går til Haus. Det går nokre bussar frå Haus kvar dag til Øvre verkane nord, men lyt framleis gå ein halv km til Sundland og 1,5 km til Hausberget. https://www.skyss.no/
Annonse