Skryklingen er ein gamald ferdselsveg mellom Jølster og Haukedalen i Førde. Frå Myklebust går du på skogsveg opp til Skryklingestøylen. Herifrå går du vidare på sti i lett og ope terreng innover i dalføret. Turen opp til vatnet tek omlag 2 timar. Om du går vidare vil du ende opp i i austlegaste ende av Haukedalsvatnet.
Les meir om turen og korleis stien har fungert som ferdaveg i eldre tider i lenka. Spora etter dette ser du framleis restar av undervegs på stien inn dalføret.
AC Kapstad for IST
Køyr Fv451 langs sørsida av Jølstravatnet. Ta av mot Dvergsdalsdalen og parker ved startpunktet ved skogsveg. Parker slik at du ikkje er til hinder for trafikken på vegen eller gardsdrift i området.