Sandfloegga 1721moh. 

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    11,1 km
    10 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Mar - sep
Turen startar på traktorveg eller sti frå Valldalen, opp til den sjølvbetjente turisthytta Middalsbu. På toppen av traktorvegen er det eit lite tjørn og ein parkering - her byrjar stien. Det er litt vrient å finne ein samanhengande sti i byrjinga, men vel oppe i Trossovdalen, på vestsida av elva finn ein den. Trossovdalen er nydeleg å gå tur i.

Då ein kjem nokre kilometer inn er det tid for å krysse elva, og det er mest sannsynleg slutt på stien att. Eit stykke inne deler elva seg i mange småelver, så det luraste ein gjer er å følge den endå litt til for å kunne forsere den enkelt, og sleppe å vasse. Fortsett så opp til vatnet som på kartet er merkt 1350, og følg bekken som renn ned i dette vatnet vidare oppover dalen. Bekken renn ned dalen på nordaustleg-side av 1508meterstoppen. Det er nokre få vardar oppover, desse er det lurt å fylgje. Bygg gjerne vidare på vardane til fotturistar som kjem etter deg.

Då ein kjem "over kanten" er det ein liten nedoverbakke ned til to vatn, og der byrjar ein på den siste stigninga opp til toppen. Ein ser ikkje toppvarden før ein bikkar over siste bakketopp.

Her det på ein klar dag utsikt til Hardangerjøkulen, Hårteigen, Gaustatoppen, Vesle Nup, Holmesjøen, Mannevatn, m.m.

Ein kan òg gå turen på vinteren.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Buss til Røldal, og eventuelt taxi inn til Valldalen.
Turen kan og starte på Haukeli, ved Ulevå, og du kan også gå frå Hellevassbu turisthytte.
Annonse