Øvre Standal Stølsvatnet Håsteinen / Inste Håsteinen via Håsteindalen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 8,7 km
  • 3 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 1223 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - nov

Toppur til den høgste toppen på Håsteinen platået som består av tre toppar med Håsteinsvatnet i midten frå Øvre Standal.

Frå parkeringsplassen går du mot Strupen. Du går på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Her fortset du innover i stort sett flatt terreng med elva på nordsida. Når stien møter elva går du litt søraust mot Gamlestølen der det berre er stølsmurane att. Derifrå er det flatt terreng med litt stigning i ca 500 m til du kjem til ein liten bakke. Etter den er det jamn slakk stigning innover til Standalsstølen, ein kvitmalt støl som blant kjentfolk vert kalla Eliasstølen. Her kan du gå ned bakken mot elva og følgje stien til høgre for elva heile vegen til Stølsvatnet, eller du går opp bakken, inn skaret og følgjer ryggen innover til Stølsvatnet. Ved Stølsvatnet går stien på nordsida av vatnet og ved enden av vatnet går stien på nordsida av elva mot Svartevatnet.

Frå Svartevatnet følgjer stien på nordsida til Håsteinsdalen, der stien vender mot nord i vestre enden av dalen. Gå heile tida i retning mot Høydalsnipa / Ytste Håsteinen. Håsteinsdalen er dalen som åpnar seg med utsikt mot Svardalen og Steindalen etter at Svartevatnet er passert. Du passerer Villebøen og stigninga mot Håsteinen / Inste Håsteinen startar. Her kan du velge Høydalsnipa / Ytste Håsteinen 933 moh, eller vende austover mot Håsteinen / Inste Håstenen 964 moh.

Stidele er på vestre enden av vatnet 655 moh - Villebøen - skilt viser retning til Høydalsnipa, Håsteinen, Standal, Høydalen og Håsteindalen.

Sporet på kartet går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God Tur!

Adkomst med egen bil

Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass. Det vil bli sett opp informasjonstavle (under arbeid)
Annonse