Rundtur Hogganvik

Publisert av: Vindafjord kommune

Rundtur Hogganvik

Du kan starte denne turen på parkeringsplassen, gå forbi Lunden og inn i den verna børkeskogen. Etter å ha kryssa Haugaløypet bru, går du over beite ved Haugen og ned mot fjorden. Når du har gått ned steintrappa der dreieverkstaden for skipsverven låg, ser du innover til hogganvika. Hogganvika var svært viktig i VERVARTIDA I RYFYLKE 1850 – 1900. Noregs største seglskiptil då, « Særimner» på 1366 tonn, vart sjøsett her i 1878. Meir om dette kan du lese om i oppslagstavla ved det 200 år gamle naustet.Moloane eller «Dokkene» er rester etter skipsvervane.

Badestrand finn du bådeher og sør for Holeberget, berget som ligg bak det gamle naustet.

Fortøyningsplass for båt er på utsida av moloane. Inne i dokkene er det fortøyningsplass for fastbuande og hyttefolk.

Den verna bøkealleen går du gjennom på veg oppover mot tunet i Hogganvik Landsby. Midtveis i bakken på venstre side, kan du gå bort til reinseparken som reinsar kloakk etter naturen sine prinsipp, med god dokumentert effekt.

Stiftelsen Hogganvik Landsby har eigt garden sidan 1976. Garden er no eit bu- og arbeidsfellesskap der menneske med og utan ulike handikap driv mellom anna jordbruk, skogbruk,gartneri,ysteri og snikkerverksted. Det finnes i dag 4 familiehus og eitgjestehusoi Hogganvik Landsby.

Vidare held turstien fram gjennom tunet forbi fjosen, ned over Saelva og opp til Egenberg, som tidlegare var ein husmannsplass.

Turstien går så igjen gjennom eit stykke med bøkeskog, før du kjem til Eiketun. Derifrå kryssar du igjen Saelva, og følg traktorvegen gjennom åkrar og enger tilbake til parkeringsplassen.

Hugs å lukka alle grinder etter deg og vise omsyn til fastbuande og hyttefolk. Båndtvang på hundar gjeld heile året.

God tur!

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Kjøyr forbi Vikedal sentrum i nokre minutt mot Sauda, sjå skilt og ta av til høgre mot Hogganvik landsby. Parker på første parkeringsplass til høgre.