Sandane - Holvikfossen - Fjellbygda 

Publisert av: Midtre Nordfjord Turlag
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    5,3 km
    1 time, 30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Turen startar frå Sandane sentrum, evt. kan vi sykle/køyre til lunneplassen ovanfor Holvika.

På dei brattaste plassane er der sikring - vi veit at dei som er mest høgderedde ikkje går denne ruta.

Turen går på tydeleg sti/veg heile tida. Etter ei stund blir det forholdsvis bratt til vi er komne opp på Holvikfossen.

Her har vi nydeleg utsikt over Kleivedammen, Sandane og fjella på Sørstranda!

Her kan ein godt setje seg ned ei stund :-)

Vi er no komne på Engesetåsen, så enten kan vi runde ned att til Utsikten og Fjellbygda, eller så kan vi gå vidare oppover.

Om ein går frå sentrum tar turen ca 1t og 45 min t/r.
Om ein går frå lunneplassen tar turen ca 1t og 10 min t/r

Turen er merka frå Lunneplassen og er ein del av Trivselskogen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Der er god parkeringsplass både i Sandane sentrum og på lunneplassen i Holvika.

Midtre Nordfjord Turlag