Tursti til Kvannto frå Omvikdalen, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    8,2 km
    5 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Jun - okt
  • Turkart: Folgefonna Nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for området ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: På Hjelmeland, ovanfor Revuro fellesfjøs. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Skilt og informasjonstavle ved P-plasssen. T-merkt til Kviteggjo frå skilt ved vegenden ca. 600 moh.
  • Høgdeskilnad: 100 - 992 moh.

.

TUROMTALE

Frå P-plassen følgjer ein skogsvegen oppover til der terrenget flatar av ca. 600 moh. Herfrå er det skilta og T-merkt sti i sørleg lei, først i slakt terreng og vidare brattare opp rinda mot toppen til varden på Kvannto. Flott utsikt over fjelheimen og Sunnhordland.

Få stader er det så verhardt som rundt Kvannto, og kartnamnet Verhardo høver godt.

OBS: GPS-sporet som ligg på denne sida, tek av frå skogsstien i siste venstresvingen. Her vert turen ein tanke kortare, men litt brattare.

Slik kommer du deg dit

Adkomst mulig med

  • Kollektivtransport

Adkomst

Ta av Fv 500 ved bensinstasjonen og køyr opp Omvikdalen. Rett etter at vegen flatar ut, ta til venstre ved skilt og opp grusveg til parkering 60 meter ovanfor stor driftsbygning.

Annonse