Tursti til Svartavatnet og vidare til Husnes frå Herøysund, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    11,3 km
    6 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Mai - okt
  • Turkart: Folgefonna Nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for området ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering og startpunkt: Ved Grendahuset i Bringedalsbygda, Bringedalsvegen 144.
  • Sluttpunkt: Ved fylkesvegen 150 meter nord for rasteplassen.
  • Merking: Informasjonstavle ved start. Stien er skilta og T-merkt.
  • Høgdeskilnad: 50 - 870 moh.

.

TUROMTALE

Følg skogsvegen frå Grendahuset 500 meter delvis bratt opp lia til vegen flatar ut ved vegskilje. Ta til høgre inn på tilgrodd skogsveg og følg denne opp til endes. Herfrå på sti opp gjennom gamal skog til stidele i tregrensa 500 moh. Frå stidelet kan ein ta ein kort avstikkar til Storhaug 586 moh. Derfrå er det og merkt sti vidare til Nipen og Manen. Ver OBS på bratte berg. 

Ruta til Svartavatnet held fram i høgfjellsterreng med stein og berg til nytt stidele 870 moh. Herfrå kan ein gå til Manen 1.013 moh. med rundtur attende til Storhaug. Til Svartavatnet 770 moh. går ruta ned til høgre. Ved Svartavatnet er det kvilebu som er open for alle.

Frå Svartavatnet går stien langs elva i ein fin, open dal til Sundstølen med gamle stølstufter og eit idyllisk vatn. Vidare ned mot Bremstølsvatnet 460 moh., ein stad som er eit mykje brukt turmål for heile familien. 

Stien gjennom skogen i Onarheimslia går etter kvart over i skogsveg ned til riksvegen. Sjå også eiga rute til Bremstølvatnet frå Husnes på sørsida av elva: Tursti til Bremstølsvatnet frå Husnes

GODE RÅD

  • Svartavatnet er drikkevatn for Halsnøy, Valen, Sunde og Husnes, så her er det ikkje lov å bada. 
  • Bruk elles fantasien for å leggja opp turar om Storhaug, Nipen og Manen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst mulig med

  • Kollektivtransport

Adkomst

Ta av frå Fv 500 i Herøysund, nord eller sør, og følg bygdevegen til P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda, Bringedalsvegen 144.

Annonse