Tursti til Kaldestadåsen frå Podlen, Sunde, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    3,2 km
    2 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Hele året
  • Turkart: Folgefonna Nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Ved "Podlen", rundkøyringa før inngang til Halsnøytunnelen.
  • Merking: Raudmåla merke, skilt ved stistart.
  • Høgdeskilnad: 10 - 271 moh.

.

TUROMTALE

Følg vegen frå P-plassen 50 meter opp mot venstre (vest), der stien går inn i skogen. Første delen går i flatt lende, delvis på tilgrodd skogsveg. Deretter bratt opp til toppen og flatt innover til turhytta på turmålet. Utsyn over Husnes og Husnesfjella.

GODE RÅD

  • Dersom ein vil gå turen som ein rundtur, kan ein gå ruta om Fenafjell, sjå turomtale: Tursti til Fenafjell frå Podlen, Sunde.  
  • Her er også fleire alternative opp- og nedgangar. Sjå kartbladet og bruk fantasien for å leggja opp interessante turar.

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Ved "Podlen", rundkøyringa før inngang til Halsnøytunnelen.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse