Rundtur til Sydnessåta (Sundnessåta) på Halsnøy, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    4,9 km
    3 timer, 30 minutter
    Rundtur
  • Sesong
    Hele året
  • Turkart: Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Kartet er til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: P-plass ved Gilo på Fatland. Merkt med skilt frå hovudvegen. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plass. Stien er skilta og T-merkt.
  • Høgdeskilnad: 60 - 234 moh.

.

TUROMTALE

Frå P-plassen: Følg skilting 100 meter mot høgre bak ei lita husklyngje til stien søraustover mot Sydnessåta. Bratt oppstigning siste 80 høgdemeter mot toppen. 

Det eldste kjente namnet på denne særmerkte åsen, synleg over heile Sunnhordland, er Lindhovde, eller helst Lundhovda. Åsen ligg rett sør for Lunddalen, og har truleg fått namnet sitt derfrå, ein dal der ting tyder på at det låg eit gudehov i jernalder/folkevandringstid.

Rundt toppen ligg ei gravrøys frå folkevandringstida. Så kan ein då undrast kven som vart gravlagd der oppe på den markerte toppen i 234 meters høgde for meir enn 1.500 år sidan.  Kanskje var det góden, øvstepresten for gudehovet i Lunddalen?

For å få ein rundtur går ein ned den merkte stien på austsida av toppen, og rundt til venstre til skilt mot Iglatjørn. Følg denne ruta til skogsveg øvst i Lunddalen. Følg skogsvegen ned mot Fatlandsvatnet, og merking vidare rundt nordenden av vatnet og attende til P-plassen. 

GODE RÅD

  • Fleire kulturdetaljar med info undervegs, sjå kartbladet.
  • Her finst mange andre turløyper i området:
    • Merkt løype frå stien på austsida av åsen mot Trollåsen/Sydnes.
    • Merkt løype frå skogsvegkrysset øvst i Lunddalen til Svanevik, og over Sørheia til Tjobergshaugen og Håfjellet (sjå kart).
  • Nokre våte parti. 

Slik kommer du deg dit

Adkomst mulig med

  • Kollektivtransport

Adkomst

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes. Etter passering av båthamna i Arnavik, er det om lag ein kilometer til skilt som viser avkøyring til venstre frå hovudvegen. Det er 100 meter til P-plass og nye 100 meter til ny og større P-plass nordanfor, i samband med Fatlandsskogen turløype.

Annonse