Danseplassen 10 turfavorittar 2021

Annonse

Om turen

Sundreområdet

Danseplassen v/Hovda

Turen startar frå Sataslåtten Camping. Derfrå følger du vegen litt tilbake, til rød garasje. Her tek du til venstre og følgjer vegen i ca 220 m, før du tek inn på stigen til venstre og opp igjennom skogen.  Etter ca 230 m går stigen under jernbanen og opp til vegen ovanfor. Stigen fortsett på andre sida av denne vegen og her kan du velje to vegar. Veljer du stigen merka 500 meter til Danseplassen går det bratt oppover lia. Veljer du stigen merka 700 meter til Danseplassen får du ei litt slakare stigning opp lia. Begge stigane ledar til turmålet på toppen av Hovda. 

Ta sama vegen tilbake eller gå det som ein rundtur ved å gå videre på vegen i ca 200 m og følg skilt til høgre igjennom skogen. Her ligg det store flotte steinblokker før stigen går ned til jernbaneundergangen og tilbake til Sataslåtten Camping. 

Danseplassar vart brukt til lokale dansearrangement. Denne danseplassen ligg på eit hovda i Sandokrinsen og det vart dansa her til under krigen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Følg Rv7 ca 5 km austover frå Ål sentrum. Ta av til høgre ved skilt Sataslåtten Camping/Enok hytter (skiltet står på venstre side av vegen) og fortsett i ca 300 m over brua og til campingplassen. 

Parkering: ved Sataslåtten Camping

Km/moh: 2,3 km t/r. 365 - 480 moh.

Annonse