Rødungsberget 10 turfavorittar 2021

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    1,7 km
    3 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Jun - okt

Bergsjøområdet

Rødungsberget 5 km t/r

Frå parkeringa går du inn på Tovikvegen og bort til Rødungstøl Høyfjellshotell. Stigen startar rett bak hotellet og svingar seg oppover lia. Her kan det vera nokre våte parti.

Etter ca 1 km på stigen tek du til høgre i krysset. NB! I brosjyra står det ta til venstre, men den stigen er ikkje anbefalt no. 

Følg skilting og raudmåla steinar.

Snart ser du Rødungsberget framfor deg og du tek inn på stigen som går til venstre og rett opp mot toppen av berget. Utsikta når du kjem opp er formidabel.

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Følg Rv7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø/Vats. Følg deretter Nordbygdvegen (Fylkesveg 2930) mot Bergsjøområdet i ca 24 km til stor parkeringsplass, til høgre, eller forsett til Rødungstøl Høyfjellshotell.

Parkering: På stor p-plass, kalt Slakteplassen, eller nedanfor Rødungstøl Høyfjellshotell.

Km/moh: 5 km t/r. 1029 - 1248 moh.

Kart: Reineskarvet 1:50 000.

Annonse