Pilgrimsvegen

Publisert av: Bergen og Hordaland Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    14,1 km
    8 timer
    En vei
  • Sesong
    Jul - okt

Turen er 14, 3 km lang og startar på ca 550 moh. Turen går opp til ca. 1400 moh. før han går bratt ned til ca 250 moh. Logoen for turen er "krykkjekrossen i valskringla". Logomerket har fargen oker. Turen er merka med målte merke og logoar, logoskilt og vardar.

Du går bratt opp langs Hardingarinden, og under Staberget til Stabergsdalen. Inne i Stabergsdalen kryssar du elva og går vidare opp mot Langedalen. Oppe på Langedalshaugen er det ein stor varde. Her er siste utsiktspunkt attende mot Krossdalen. Vidare går turen opp Langedalen. I snørike somrar kan du gå midt etter dalen på bre, men elles må du gå på berga på høgre side av Langedalen. Øvst i Langedalen kryssar du breen til høgre for Langedalstjørna. Etter ei lita stund passerer du eit skar i enden av tjørnet. Det er enkelt å krysse i snørike somrar. Dersom det er lite snø, er det greitt å ha turfølgje og tau. Høgda du kjem til no, er 1400 moh., og du har flott utsyn over fjellplatået. Her fell Pilegrimsvegen saman med buførevegen til Dravladal. Pilegrimsvegen går no vidare mot Brakastauren og Høgstaleitet. I snørike somrar ser du Pilegrimsvegen som ei kvit stripe over platået. Frå Høgstaleitet går stien slakt vidare ned mot Bleieelva og Reisæteeggje, anten på snø eller eventuelt til høgre for dalføret, på "sti". Bleieelva kryssar du på snø, dersom dette er trygt. Viss ikkje, kan du gå lengre ned mot Revavatnet og krysse elva over røyrbrua. Når du har kryssa Bleieelva, fell Pilegrimsvegen saman med buførevegen som kjem frå Botsvatn. Stien går vidare til varden på Reisæteeggje, der du får flott utsyn mot Hardangervidda og ned lia mot Sørfjorden. Varden ligg ca 1200 moh, og no følgjer ei bratt nedstigning på ca 1000 meter. Stien ned lia vert restaurert i 2012-2013, og skal kunne brukast som kløvveg igjen når han står ferdig. I snørike somrar kan Skjortefonn - rett nedanfor Reisæteeggje - vera stor, og tau er lurt å ha med. Midtvegs nede i lia kryssar stien Reisæteelva. Nedst i lia nedanfor kraftverksdammen kryssar du Bleieelva. Så følgjer du traktorvegen vidare ned til Streifsteinen på Reisæte.

Her kan du avtale henting med bil/ buss eller du kan gå langs vegen 3,7 km ned til Nå, og ev. delvis følgja offentleg skyssmiddel vidare på turen mot Røldal eller attende til utgangspunktet.

NB! Du må ikkje gå denne turen om vinteren. Det er stor skredfare i fjellsidene på vinterstid. Stien ned til Reisete går rett gjennom skredløpet, der det går store skred kvar vinter.

Råd for turen:

Du må ha fjellstøvlar, då mykje av turen vanlegvis går på snø. Sjølv om det er fint vêr når du startar, kan det fort verta vind og regn/snø undervegs, så du må ha med ull-, regn- og vindklede, lue og vottar. Lurt å ha med tau. Ta med niste for lang dagstur. Drikke kan du – på eige ansvar - fylle på i elvane undervegs. Du må ha med kart og kompass, ev. GPS.

Lite eller ingen mobildekning oppe på fjellplatået.

Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.

På grunn av bratt oppstigning og særs bratt nedstigning, er ikkje turen anbefalt for dei som har kneproblem eller liknande.

Det vert organisert årlege pilegrimsturar (www.jondalkyrkje.no), og fleire fellesturar kan bli organisert dersom grupper melder interesse.

Turen tar 7-9 timar.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Folgefonnvegen frå Jondal sentrum (fv. 550 og fv. 107). Ta til venstre/skilta til Botsvatn omlag ein km etter bomstasjon i Krossdalen.

Adkomst med offentlig transport

Nei
Annonse

Publisert av

Bergen og Hordaland Turlag