Fottur til Hetlegga (Rundenova)

Legg til huskeliste
Annonse

På kartet står det Rundenova, men den vert også kalla Hetlegga.
Start ved fjellstova på Rørvikfjellet ved skiltet som peikar til Venevassegga. Du følgjer den godt merka stien med dei raude pilene og runde, raude merka. Ganske fort kjem du til ein kort, bratt bakke. Sidan flatar det ut med eit variert og kupert terreng som er lett å gå i. Undervegs på første partiet har du god utsikt tilbake til Haukedalen, Haukedalsvatnet, Vindheim og vestover til Holsen. Når du kjem litt forbi Svartenova, deler stien seg.

For å gå på Hetlegga må du ta stien til høgre og gå inn i Jakobsskaret. Gå eit stykke inn i skaret og sjå etter steinar på høgkant. Då går du til venstre opp på skrå og ut av skaret. Ovanfor Jakobsskaret og vidare har du fin utsikt ned att til austlege delen av Holsen. Steinane på høgkant vil no lede deg fram til varden på Hetlegga (Rundenova).

Adkomst med egen bil

Like ved Rørvik fjellstove på Rørvikfjellet er det ein god og romsleg parkeringsplass på nordsida av fv 13.
Annonse