Sagevik - Sandvikfjellet / Egga

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    8,6 km
    6 timer
  • Sesong
    Mai - okt

Kjekk og spennande tur for deg som likar å leite etter merker og sti.

Du kan parkere ved oppdrettsanlegget eller køyre opp bakken før oppdrettsanleggt til venstre der er det parkeringsplass. Gå tilbake til Sagevik, ca 200m. Du tek av frå vegen ved det kvite huset, opp skogsvegen og forbi to hytter. På toppen av skaret er det merka sti til venstre opp på nakkane. Du følgjer nakkane vestover til Svanevatnet, merka med små steinvardar og raude merke som er slitne.

Du går forbi nordsida av Svanevatnet, tar over høgste høgda vest for vatnet. Du vil passere ei Jettegryte til høgre for stien. Deretter vidare vestover, ned i ei lita slukt, kryssar denne, og oppover i vestleg retning. Hald godt til høgre for toppen og gå rundt denne til du kjem til to små tjern. Hald til høgre for det minste (austre) tjernet. NB! her er det lett å gå feil dersom du føl dei raude merka ned mot Brekka og det store vatnet - dit skal du ikkje.

I skaret går du ikkje ned i Sandvikbotnen og til Jagedalsvatnet. Du skal ikkje nedover, men følgje slukta rett nordover inn i Stølsdalen. Det er den gamle stien til Egga, men denne er lite nytta i seinare tid og derfor mykje gjengrodd. Når du kjem til stølselva skal du ha denne på høgre hand på veg opp, og ikkje krysse den. Det ligg nokre små varder enkelte plasser som viser stien. Det er jamt bratt stigning oppover og mykje vegetasjon. Når du kjem lenger opp flatar terrenget seg ut og du går rett vestover. Etter kvart vil du sjå dei to vardane på Egga. I aust/nordaust ser du det snaue fjellpartiet Heia.

Det er lett terreng innover i retning Heia. Du går innover og tar ganske raskt nordover, og føl ryggen innover mot Heia der du har flott utsikt til Eikefjorden. På Heia er det eit overheng i fjellformasjonen på nordsida heilt oppunder toppen, som på folkemunne vert kalla Nebbet.

Frå Heia ser du i aust Kletten som ligg ved Kvalsvik/Kalsvik godt synleg som høgste toppen i aust. Mellom deg og Kletten, vil du sjå at det går ei "gate" med snaufjell i aust som ser ut som den er utan vegetasjon. Du skal ned til denne "gata", men du vil miste den av syne på veg nedover.
På nedturen er det viktig at du ikkje kjem for langt sør i retning Jagedalsvatnet som du ser til høgre då det er hamrar og stup som ikkje er mogleg å gå ned. Eit stykke nede i lia må du difor svinge mot nord for og komme inn i "gata". Det er nokre nakkar undervegs nedover som har litt utsikt slik at du kan orientere deg kor du er.

Du går "gata" innover nakkane. Du kjem til uteløa i Jagedalen som ligg på ei lita myr. Frå myra kan du ta til høgre ned i Jagedalen (og deretter frå Jagedalen og til høgre rundt Jagedalsvatnet) eller du kan ta til venstre på stien til Ospedal og Grønevik.

Vil du gå til Kvalsvik/Kalsvik, fortset du rett austover nakkane forbi Jagetjørna, ta til høgre og opp på den ryggen som ligg sør for deg. Når du kjem omlag 500 til 600 m austover, vil du treffe på eit treskilt med ei pil på. Då tek du til høgre og føl stien til du kjem til den gamle tømmervegen opp til Kletten. Her finn du skilt med "Aldersheimen 2 km".

Her ved den gamle tømmervegen kan du ta til høgre, og deretter følgje den ned til Kvalsvik/Kalsvik.
Eit alternativ er også å følgje tømmervegen til høgste punktet og deretter opp på Kletten. Toppen går du opp på frå nordaustsida.

Når du kjem ned til Kvalsvik/Kalsvik er det ca 2,5 km å gå tilbake langs vegen.

Turen er teikna inn og ikkje gått med spor. Derfor ei rettsnor til trace. Når du går traceen blir den omlag 11 km. Følg turbeskrivinga - det er mange små stiar. Du vil finne steinar og raude merker fleire plasser langs stien - desse er gode å følge.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

10 km frå Eikefjord på Fv 542 og vidare Fv 543 til Sagevik
Annonse

Publisert av

Flora Turlag