Vetlavatn - Breidsete

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    6,3 km (én vei)
    5 timer
    Tur-retur
  • Sesong
    Mai - nov

Skildring av tur

Frå parkeringsplassen, gå grusvegen mot Fjelltveit, til eit retningsskilt der du tar til venstre over ei bru, og vidare i litt myrlendt skogsterreng til du kjem til Vassvikane. Her er det skilta til Fjelltveit. (I dette stikrysset kan du gå ned mot Torsnes). Vidare går du i god sti langs Torsnesvatnet gjennom frodig skog og steinurer, fram til stølen Fjelltveit. (Her kan du også gå mot Glomsdalsskardet). Følg skiltet mot Breidsete, opp til Torsnesmyrane. Stien går langs kanten av myrane, vekselvis i skog og myrlendt terreng. Du må over ei lita elv, og ved snøsmelting og mykje nedbør kan det vera vanskeleg å koma tørrskodd over. Ved enden av Torsnesmyrane kjem du til eit stikryss. (I dette stikrysset kan du gå mot Fjellstøl). Gå mot Breidsete. Etter kort tid ser du stølen. Stien går ned og over ei bru, og opp 100 m til endepunktet på bilvegen. Breidsete har informasjonstavle for turar med start- eller sluttpunkt der.

Råd for turen

- Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
- Mobildekning er ikkje god på heile turen.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
- Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Følg veg 107 sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 1,2 km vidare. Ta til venstre mot Stølheim. Etter 0,4 km må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil (kontant betaling). Der er det også informasjonstavle for turane i området. Ca. 2 km frå hovudvegen kjem du til god parkeringsplass, rett før Vetlavatnet. Parkering på eige ansvar.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse