Bergsetnausta - Sølvbergnausta

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    1,0 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Apr - okt

Dette er ein fin og kort tur fra Bergset og ned til fjorden. Ca 300 høgdemeter skal ein gå før ein er nede ved fjorden. Stien ned til nausta er tydeleg og fin men bratt.
Bergsetnausta og Sølvbergnausta er godt bevarte og her var eit aktivt naustmiljø heilt fram til 1930-talet. Det var her dei fleste som utvandra fra bygdene på Nordsida til Amerika tok farvel med familien sin.
Bergsetnausta ligg innafor elva og Sølvbergnausta uttafor elva.
Der er også sti oppatt til Sølvberg, men da må ein gå eit stykke på bygdevegen før ein er der som ein har parkert bilen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Køyr Panoramavegen, Fv 613, til Fjelli. Følg skilting gjennom gardstun og til parkeringsplass.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse