Tveitakvitingen

Publisert av: Kvam Turlag 
Annonse

Om turen

Følg Mødalsvegen frå Fv7 over Kvamskogen til Såta (sjå eventuelt beskrivelse av turen til Såta)

Ruta vidare er delvis merka/varda. Ver oppmerksam på at du kan komme til merking som går til Strandebarm (gule S'ar) - dei skal du ikkje følgje.

Frå Såta bratt opp Stoveveggen og på sørsida av Gråskorvenuten og ned i eit søkke før ny stigning mot Gråfjellet. Nedatt i middagshola, hald nord for vatnet før du går langs vestsida av det og du byrjar stigninga mot toppen. Det er her lett å tru at det ikkje er så langt igjen, men du har framleis 300 høgdemeter att. Siste delen av turen går oppe på topp-platået til varden på toppen.

På vinteren fylgjer ein mykje samme rute, og Tveitakvitingen kan nok bestigast med ski til ut i juni.

Slik kommer du deg dit

Annonse

Publisert av