Mortensbakke - Naregga

Publisert av: Indre Sunnfjord Turlag

Mortensbakke - Naregga

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    7,1 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Apr - okt

Frå parkeringa på Mortensbakke går ein gjennom tunet på garden . ( Følg piler ) Ta til venstre ved første skogsvegdele rett ovanfor innmarka. Følg skilting langs skogsveg / køyrespor / sti opp til Bakkestølen. På Bakkestølen er det stidele med to turalternativ til toppen av Naregga.

Turen via Helleberget er litt kortare, men brattare. Stien er merka over småkupert terreng og over flate bergparti før ein kjem opp under Helleberget. Her svingar stien og den går bratt opp mot stikrysset aust for toppen. Herifrå er det kort veg ut mot toppen.

Alternativ veg til toppen frå Bakkestølen er via Brunavatnet. Ta til høgre ved Bakkestølen og passer rett forbi hytte i skogen. Vidare austover over myrparti til ein kryssar bekk ved innløpet til Brunavatnet. Vidare på nordsida av Brunavatnet til ein svingar nordover oppover lia, så vestover opp fjellryggen. Følg stien vidare til toppen. Her har ein flott utsyn i alle himmelretningar. Turen høver godt som rundtur.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av rv5 i Naustdal på fv611 mot Vevring. Vidare tek du av til venstre skilta Helle. Forbi Helle og fram til Mortensbakke.

Adkomst med offentlig transport

Ingen kollektivtransport mogleg

Indre Sunnfjord Turlag