Barlindflaten

Publisert av: Kvam Turlag

Barlindflaten

Frå Øystese: Fylkesveg 7 mot Ålvik. Ta av like før på Trånavegen mot Folkets Hus. Parkering etter 100 m ved sjukestova.

Stien er merka med gamle raude merker, nyare og eldre falma plastband.S tart tvers over for raud brannhydrant ved sjukestova. Godt synleg sti bak sjukestova. Etter om lag 270m kjem ein til ein tilgrodd veg. Drei høgre og ta til venstre etter 20m. Etter 600m er det krysning av bekk. Etter 700m er stien utydeleg gjennom ei ur, men om ein løfter blikket ser ein merker.

Etter 750m passerer ein traseen til den gamle rørgata/trallebanen. Frå 800m – 850m går ein langs eit gamalt kvartsbrudd. Etter ca. 1km kjem ein til eit stiskilje. Ein kjem her inn i Barlindflaten Naturreservat. Stien ned til venstre, skilta med Skåtet, fører ned til fylkesvegen.

Stien til høgre er skilta med Barlindflaten. 1250m nytt stiskilje, hold til høgre. 1300m stiskilje hold til venstre. Etter 1500m passering av bekk. Etter 1750m er du på Barlindflaten. Forsett mot Vikedal. Etter 2km og 2,1km nye bekkekrysningar. Når du har gått 2,6km bør du vera i Vikedal. Ta til venstre og følg fylkesveg 7 vidare til Trånavegen og etter 4,1 km er du tilbake på parkeringsplassen ved sjukestova.

Barlindflaten er eit naturreservat som er verna (alt i 1935) på grunn av bestanden av Barlind.

Frå Wikipedia:
Barlind eller europeisk barlind (Taxus baccata) er et meget saktevoksende bartre i barlindfamilien. Treet har flate, myke og mørkegrønne nåler som er glinsende på oversiden og matte på undersiden. Det tåler både å stå i sol og skygge, og tåler også meget sterk beskjæring, og er derfor velegnet som hekkplante. Barlind har en rekke kultiverte varianter og former. Hele planten er giftig.

Et barlindtre kan bli svært gammelt (mer enn 2000 år).

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Øystese: Fylkesveg 7 mot Ålvik. Ta av like før på Trånavegen mot Folkets Hus. Parkering etter 100 m ved sjukestova.