Børesteinen

Publisert av: Luster Idrettslag

Børesteinen

Tur frå Luster sentrum og opp til Børesteinen. Eit av dei flottaste utsiktspunkta over Lustrafjorden og bygda Luster. Turen går via gamlevegen opp til høgdegarden Berge,og fortset på sti opp til nesten 1000 moh. Krevjande tur, med samanhengande motbakke heile vegen. Luftig på toppen, så barn bør ha tilsyn. Kan ligge att snø i dei austvendte hellingane til ut i juni.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering ved Luster Omsorgssenter på begge sider av elva.