Fottur Tua - Villevatnet (kanopadling)

Publisert av: Barnas Turlag Eid
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    1,8 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Mai - okt

Start på p-plassen ved Stigedalshytta på Tua, gå grusvegen innover mot Fladalen i ca. 400 m, ta av til høgre der lysløypetraseen møter vegen og følg denne ca. 150 m. Her går stien bratt opp til venstre i skråninga. Den kan vere vrien å finne, men den er tydeleg når ein kjem inn i skogen og går oppover. Følg denne oppover. Nokre plassar er stien litt utydeleg, men fortsett oppover i terrenget. Følg vestsida av Villevatnet og sving nord-austover fram til holmen, der ligg ein kano med årer som tilhøyrer Barnas Turlag Eid. Den kan nyttast fritt, men gjer vel å legge han tilbake på plass. Det trengst to vaksne for å dra kanoen opp og ned frå lagringsplassen til vatnet. Det er plass til to vaksne og to barn i kanoen. Hugs å ta med eigne redningsvestar. All bruk av kanoen skjer på eige ansvar. Er det noko som ikkje er som det skal, kontakt Ragna i Barnas Turlag Eid (93006650).

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Med bil til Stigedalshytta / Fellesanlegget Tua som ligg langs FV 651 mellom Hjelle i Eid kommune og Bjørkedalen i Volda kommune.
Annonse

Publisert av

Barnas Turlag Eid