Grånibba er ein ukjent turskatt som gir deg Jølsterutsikt på sitt aller beste! På veg opp får du stadig betre og betre utsikt over Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden. På toppen ser du heile Kjøsnesfjorden og inn mot Lunde og Tverrfjellet, og fjella og bygdene kring Jølstravatnet. Rett under deg går E39 der bilane og Helgheimskyrkja vert som små leikefigurar under føtene dine.
Turen startar på Helgheim opp via skogsveg, som du tek av der denne startar å flate ut. Vidare går turen i bratt terreng i skog og lyng oppover. Det er ingen luftige parti.
Stien er delvis tydleg nokre stader, mens den kan vere vanskeleg å sjå andre plassar. For nokre år sidan var det fjelltrimpost opp til Grånibba og du vil kunne finne spor etter merkinga av denne. Du må likevel pårekne å måtte orientere deg ein del utan merking og utan sti i noko bratt terreng. Du bør derfor vere vand med å gå og orientere i litt bratt terreng utan sti for å legge ut til denne skjulte turperla.
Turen opp tek 2-3 timar, og ned att 1-2 timar. Du kan forlenge turen ved å gå vidare opp til Såtefjellet. Sjå turskildring i lenke for å lese meir om denne turen. Vis omsyn for dyr på beite, og lat att grinder og straumgjerder etter deg.
AC Kapstad for IST
Parkering ved Helgheim kyrkje. Kryss E39 og gå skogsveg som går opp mot Helgheimsdalen.