Lundeskaret og Tuva 

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

Lundeskaret er truleg det næraste du kjem ein ekte fjellklassikar i Jølster. Stien nyttast blant anna som start for DNT sin årlege bretur mellom Lunde og Fjærland. Allereie tidleg på 1900- talet tilrettela DNT betre sti opp det tronge og naturville skaret inst inne i Kjøsnesfjorden. I dag framstår stien som svært godt tilrettelagt med trapper på einskilde stader, og wire å halde seg i på dei brattaste partia. Nepalske sherpaer har vore brukt som stiryddarar, og gjort eit godt arbeid for at stadig nye skal kunne oppsøke denne perla av ein vestlandstur.

Turen startar rett ved tunellopninga til Fjærlandstunnellen. Lundeskaret er bratt og luftig, men kryssinga av vegen ved tunnellopningen er det farlegaste punktet på heile turen! Turen startar på sti langs elvefaret eit lite stykke før den svingar opp mot skaret. Stien slynger seg på vakkert vis opp heile skaret. Sjølv på dei partia som er luftigast er det god og trygg sti. Turen er godt merka heile vegen opp.

På toppen av Lundeskaret får du ei praktfull utsikt mot Lundebreane. Frå toppen av Lundeskaret kan du legge turen vidare i fleire ulike retningar. Toppane Tverrfjellet og Søgnesandsnipa er flotte utkikkspunkt å gå opp på. Om du har utstyr og kunnskap om å ferdast på breen kan du gå over Marabreen og ned til Fjærland. Eit anna alternativ er å ta ein lengre rundtur. Dette gjer du ved å passere Trollavatnet, Femtevatnet og ned att dalføret mot Søgnesand.

Turen opp Lundeskaret tek kring 1-1,5 time. For turvande ungar er dette ein spanande tur å ta. Det er verdt å merke seg at det ofte ligg ei snøfonn øvst i skaret. Denne kan ligge til ut i juli månad. Det er frårådd å gå opp denne fonna utan stegjarn og isøks.

Frå Lundeskaret kan du gå nokre høgdemeter til for å kome opp på Tuva og den langsgåande ryggen. Her får du "rett på" utsikt til Kjøsnesfjorden og dei dramatiske fjella rundt. Frå Lundeskaret og opp følgjer du sti som er delvis merka etter ein fjelltrimpost for nokre år ettende. Dette partiet kan vere litt vanskeleg å gå i pga svaberg, ur og stein dersom du kjem utanfor der stien er lagt. Det er fint å ta ein rundtur langs ryggen her for å utnytte utsikta maksimalt i alle retningar. Her ser du heile KJøsnesfjorden, Lundebreen, Tverrfjellet og heile dalføret som ligg bak Lundeskaret. Om du ønsker det kan du frå Tuva gå vidare mot Søgnesandsnipa.

Sporet viser turen t/r. Pga. at det er så trangt mellom fjella opp Lundeskaret er enkelte punkt i sporet plassert heilt feil. Dette fordi det er så trangt mellom fjella opp Lundeskaret at GPS`en har problem med å hente inn signala ;-)

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Køyr riksveg 5 frå Skei til Lunde inst inne i Kjøsnesfjorden. Turstart rett ved tunnelmunningen til Fjærlandstunnelen.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse