Knappstad Ytrestøylen og Indrestøylen til Grøneheia

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    4,8 km
    2 timer, 30 minutter
  • Sesong
    Jun - okt

Topp med god utsikt og mykje grønt på toppen

På Knappstad tek du av Rv 5 ved busskuret og følgjer bygdevegen oppover og det er skilta til tursti. Ovenfor garden er det parkeringsplass og der står det informasjonstavle. Følg traktorvegen oppover. Det er godt merka oppover i skogen og følg stien opp til Kvile på Langelia. Gå så rett fram over myra og du kjem inn i den brattaste delen av stien i Brekkene. Stien går no jamt bratt oppover til Ytrestøylen og du passer Perleporten på veg opp. Bak støylshusa går du oppover til du kjem inn på stien opp til Indrestøylen.

Knappstadstøylane er merka som Ytrestøylen og Indrestøylen på kartet.

Frå Ytrestøylen går du opp på austsida av Grøneheia 669 moh. Då passerer du Indrestøylen i samme høgdedrag utan å gå ned til den og runder fjellet i aust. Du kjem då rett opp til Grøneheivatnet. Passer på nordsida av vatnet, gå mot høgste toppen 669 moh og opp på denne frå vest.

Gå same veg ned frå Grøneheia til Indrestøylen.

Følg stien ned mot Ytrestøylen og du kan gå Kyraråkja, då fortset du litt lenger ned på stien og tar ikkje av til Ytrestøylen.

Det er godt skilta og merka til Inste Knappstadstøylen.

Sporet på kartet er gått 2.juni 2020.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Kjør RV 5 forbi Eikefjord og ta av ved busskuret som viser til Knappstad. Det er skilt som viser til tursti og parkering med informasjonstavle på parkeringsplass.
Annonse

Publisert av

Flora Turlag