Trommedalen

Publisert av: Etne Turlag

Sentrumsnær rundtur i Etne. 8,4 km rundløype i kupert terreng på traktorveg og sti. Store delar av turen går i skog. Høgaste punktet er 275 moh.

Turen startar ved Gjerde kyrkje. Ta til venstre i første vegkryss, gjennom eit par tun, og følg vegen vidare til god grusveg oppover mot Enerhaug. På toppen av stigningane kjem ein til ei lang flate med fleire avstikkerar. Følg vegen til ein liten stigning og kryssing av bekk. Etter bekken tar ein litt til høgre og kjem ut på ei hogstflate (med kubbestolar). På hogstflata er du halvvegs, og her er det fint å ta ein pause. Ta til venstre på hogstflata og gå inn på ein delevis attgrodd skogsveg. Vidare på skogsveg/traktorveg. Ta skarpt til høgre når du kjem inn på traktorveg som kjem opp frå Sørstranda. følg denne til skilt "Gjerde". Ny traktorveg forbi svaberg, jakthytte og bekk. Til slutt går vegen gjennom beite for husdyr. Husk å late att grindane. Siste stykket på veg over innmark og tilbake til utgangspunktet.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering ved Gjerne kyrkje.