Frå starten ved gardsløa gå vegen forbi gardstunet, paser bolighus på høgre hand, gjennom grind og inn på skogsveg. Følg skogsvegen ca 300 m. Ta deretter av mot venstre og følg merkinga gjennom tett granskog og etter kvart noko bratt.
Ein får utsikt over Uskedalen, Melderskin og Tysnes når ein kjem opp til Såta på ca 650m høgde, ein fin plass for og ta ein liten pause. Når ein kjem seg opp på ca 1000m høgde vil ein kunne få utsikt mot Geitadalstind og Ulvanosa, her går også terenget ovet til store steinar som er lette og gå på. På toppen venter fin utsikt over kvinnherads fjella, er sikten god ser man inn på Folgefonna.
Vurder nedturen merket via Lomatjørna og gjennom Eikedalen for og få en fin rundtur